Vi er i gang med bygging av Salmon Eye

Eide Fjordbruk har signert ein turn-key kontrakt med utstyrsleverandøren Fluctus for bygging av Salmon Eye.

– Det er svært gledeleg at eit selskap som me allereie har eit langt og godt samarbeid med, også blei dei rette for å byggja Salmon Eye. Fluctus tok utfordringa på strak arm og me syns det er stas å samarbeide med lokale bedrifter, seier dagleg leiar Sondre Eide i ei pressemelding.

Fluctus har hovudkontor i Austevoll og leverer utstyr og service til havbruksnæringa. Det er erfaringa med produksjon av fôrflåtar som gjorde at dette blei ein god match.

– Fluctus er stolt over å få være med å realisere Salmon Eye og produksjonen er allerede i gang. Våre ansatte har lang erfaring og kompetanse innenfor utstyrsleveranser til havbruksnæringen generelt og flåteproduksjon spesielt, hvilket vi drar nytte av i Salmon Eye prosjektet. Vi takker Eide for tillitten og ser frem til et spennende prosjekt sammen, sier flåteansvarlig i Fluctus Runar Hatlevik.

Visningssenter
Salmon Eye er eit visningssenter med planlagt opning 2022. Senteret kjem til å ligge i Hardangerfjorden, like ved Rosendal, med utsikt til fjella i dei spektakulære Rosendalsalpane. Salmon Eye skal være et visningssenter for laks, bygga som eit ikonisk monument og med moderne og nytenkande innhald som er laga med brukaren i sentrum. Senteret ynskjer å setja fokus på fotavtrykka til næringa og vera ein inspirasjon til utvikling innan berekraftig matproduksjon i sjø.

Til visningssenteret Salmon Eye er det tinga to båtar som skal ivareta drifta av visninga frå Aukra-baserte Hukkelberg. Framdriftssystemet er levert i samarbeid med Florø-selskapet Evoy som spesialiserer seg på elektriske framdriftssystem til båtar.

– Det har vore utfordrande å navigera i eit relativt nytt marknad av elektriske båtar til dette føremålet. Hukkelberg og Evoy er heilt der framme når det gjeld elektrifisering og me ser fram til å ta båtane i bruk. Dette er et viktig steg for oss i vår strategi om å redusere karbonavtrykket vårt, seier teknisk sjef Erlend Eide i Eide Fjordbruk.

Hurtiglading
Med ei lengd på over 11 meter, vil desse aluminiumsbåtane kunne frakta opp til 12 passasjerar i god fart. Det er vidare lagt opp til hurtiglading for dei fire batteria om bord.

– Vi er svært stolte og audmjuke over å ha blitt plukka ut som leverandør til Eide Fjordbruk på dette spenstige prosjektet. Med ei over 80 år lang verftshistorie, er dette ein spanande teknologi å ta fatt på og vi ser fram til eit godt samarbeid med Eide Fjordbruk og Evoy på dette, seier Øyvind Hukkelberg frå Hukkelberg Boats.

Den første båten blir levert til Eide allereie i desember. Då startar prøvedrift og opplæring av båtførarar til visningsanlegget. Den andre båten blir levert på nyåret.

runar hatlevik

Runar Hatlevik

Prosjektansvarlig

Send e-post

+47 400 91 081

Oppvokst i havbruksnæringen og 10 års erfaring som prosjektansvarlig for flåter. Har vært med på leveranse av over 100 fôrflåter. Utdannelse som ingeniør.

Aktuelt fra Fluctus

arrow_forwardSe alle

Flere serviceteknikere i Nord og Sør

Flcutus på HavExpo

HavExpo: Vi er klare!

Meny